Atle Helland, MNFFF/g

Atle Helland, Norway. Awarded MNFFF/g in March 2022.

Om prosjektet “Ein grisehistorie”

På eit gardsbruk i Kvinnherad driv dei enno med griseavl slik dei har gjort i generasjon etter generasjon i mange hundre år. Det nermar seg jul og dei 5–6 grisene på garden skal slaktast. Alt føregår på gamlemåten, så derfor er det ekstra viktigt å dokumentera  ein eldgamal tradisjon som snart kan gå i gløymeboka. “I dag kjem jo kotelettene frå frysaren på Rema 1000”.

Det å slakta gris krever sin mann og ein skal veta kva ein gjer. Eit velretta skudd og etter eit par krampetrekningar er han død. Nå er det viktigt alt alt går fort , han skal stikkast og tappast for blod som må rørast med ein gang. Blodpølser og blodpannekaker står på menyen dei neste dagane… Ein mann har ansvaret for å halda oppe temperaturen på vatnet i den store gryta, gloheit vatn og skarp kniv kreves for å få av busta. Alle mann på garden har gjort dette mange ganger tidligare og veit nøyaktigt kva som er deira jobb, denne dagen i slutten av november.

Click to view gallery: